Straumbrytaren (A) står i det tekniske skapet i innergangen.
- Når du kjem til hytta, trykk berre 1 gong på PÅ/AV-knappen. (B)
- Bruk ein lysbrytar i gangen for å sjå om lyset verkar.
- Når du reiser igjen, slå av straumen ved å trykka berre 1 gong på den same knappen (B).
Viss knappen ikkje fungerer
- Trykk og hald knappen (B) inne i ca. 5–10 sekund, til blinkinga i displayet (D) stoppar.
- Trykk på knappen (B) til det øvste lyset (C) lyser.
- Trykk og hald knappen (B) inne til lyset (C) begynner å blinka.
- Trykk gjentatte gonger på knappen (B) til displayet (D) viser 17.

Inverteren gjer om straumen frå batteriet til 230 V, slik at du kan bruka kjøleskap, TV, støvsugar og internett.
⚠️ Merk: Bruk av kjøleskap, og særleg TV og internett, reduserer batteriet si levetid betydeleg.
📱 Tips: Last ned appen Skanbatt (App Store / Google Play), for å overvaka batterinivået.
Omformaren (A) står i det tekniske skapet i innergangen.
- Set brytaren (B) på ON (I).
Viktig: Ikkje set brytaren på ECO (II). - Når du reiser, slå av inverteren ved å setja brytaren (B) på OFF (O).

Viss du bur fleire dagar på hytta, brukar mykje straum og/eller det er lite sol/vind, kan batteriet bli heilt tomt. Eit tomt batteri blir ikkje lada opp av sol eller vind. Då må du lada med aggregat.
Bensinaggregatet står i den utvendige bua.
- Bruk ei stropp til å tvinga døra til bua til å stå open.
- Dra aggregatet heilt bort til døropninga, slik at eksosen kjem ut.
- Set bensinkranen (A) til ON, ved å vri kranen ned.
- Vri choken (B) til venstre.
- Set tenninga (C) på ON.
- Dra hardt og bestemt i startsnora (D).
- Når motoren har starta: Set choken (B) straks tilbake til høgre igjen.
- La motoren gå i 5–10 minutt. Set differensial-brytaren (E) til ON.
- Skru på batteriladaren (F), som står i teknisk skap.
- Når du har lada ferdig: Skru av, i denne rekkefølgjen, batteriladar (F), differensial (E), tenning (C) bensinkran (A).

Hugs: 230 V-omformaren må vera skrudd på for at kjøleskapet skal fungera.
Temperaturen er førehands-programmert til 5 °C, og denne skal du ikkje endra.
- Trykk på On/Off-knappen (A) på sjølve kjøleskapet.
- Kjøleskapet er på når du ser temperaturen i displayet (B).
- Når du reiser: Tøm kjøleskapet, la døra stå open og trykk og hold inne On/Off-knappen (A).

Skru toalettet av og på
- Løft av det kvite plastlokket (A) på toppen av toalettet.
- Skru toalettet på med ON-knappen (B).
- Når du reiser, skru av toalettet med OFF-knappen (C).
Etterfylla vatn
- Løft av det kvite plastlokket (A) på toppen av toalettet.
- Ta av det kvite lokket (D).
- Vatn kan hentast frå vasskranen ute på terrassen.
- Fyll på vatn i tanken. Bruk gjerne den svarte sila viss vatnet er skittent.
- Følg med på vassnivået under opphaldet og etterfyll ved behov.

- Gassflaska (A) står i skuffa til venstre for komfyren.
- Set på regulatoren (B) og vri brytaren på flaska til på (ON).
- Dersom komfyren eller steikeomnen ikkje tenner etter ca. 10 sekund:
- Trykk inn den litle koparfarga knappen (C) mellom regulatoren og slangen 4–5 gonger, og prøv igjen.
- Trykk inn og vri på riktig brytar på komfyren for å tenna. Du skal høyra tikkelyd frå tenninga.
- Hald inne i nokre sekund til flammen brenn stødig.
- Vri på brytaren for å regulera effekten eller temperaturen.
- Slå av ved å vri brytaren tilbake til null.
- ⚠️ ALLTID steng gassen og ta av regulatoren etter bruk.
Gassdetektoren heng på veggen til venstre for gassflaska, og varslar ved lekkasje.
Dersom du luktar gass: Steng og kopla frå regulatoren straks. Opna vindauge og dører. Ikkje bruk gnister eller open eld.

- Det står ein solventilator (A) i gangen. Ikkje dekk til ventilen! Denne går av seg sjølv – la den leva sitt eige liv.
- Solventilatoren i stova (B) står på AUTO. Då bles den inn varmluft med full styrke når sola skin.
- Dersom lyden er plagsam: Trykk MODE (C) éin gong for å redusera viftehastigheit/støy (D).
- For å setja tilbake til AUTO, trykk éin gong til på MODE (C).

- Det er ikkje kjeldesortering av hytteavfall.
- Samla panteflasker og -boksar i ein eigen pose, og pant dei i ein daglegvarebutikk.
- Restavfallet samlar du i avfallsposar, og leverer i kontainer for hytterenovasjon.
- Skal du vidare mot nordaust: Det finst éin hyttekontainer i Bjørheimsbygda – ved Ryfylke Veterankjøretøyklubb – ca. 8 km frå hytta. (59.071073, 6.019257)
- Skal du vidare mot sørvest: Det finst éin hyttekontainer på Kvam, ca. 10 km frå hytta. (59.066250, 5.946229)

- Det er ikkje innlagt vatn i hytta.
- Vatn til dusjen fyller du i den blå plastbøtta som står mellom vasken og dusjen. Éi bøtte (ca. 10 liter) per person bør vera passeleg.
- Vatnet kan varmast i kjele på gasskomfyren, eller på vedomnen viss du fyrer i omnen.
- Alternativt kan du bruka vassvarmaren (A) som står ute i boden.
- Eller: ta eit bad i Lauvåstjørna (B) eller Lauvåsvatnet (C) – mykje enklare og friskare!

Oppgåvene med utheva skrift gjeld for alle gjester.
Viss du vil spara NOK 1.500 i rengjeringsgebyr, skal alle punkta på lista gjennomførast:
- Rydda hemsen, viss den har vore i bruk.
- Rydda alle soverom som har vore i bruk.
- Ta av brukte laken, dynetrekk og putevar på alle senger, og legg i skittentøyskorga.
- Legg alle brukte handkle i skittentøyskorga.
- Knapp heilårsdyna saman til dobbel dyne, og legg dyne og pute fint tilbake i senga.
- Fyll på ved i vedkassen.
- Rist og bank dei små filleryene ute.
- Vask av stovebordet, spisebordet, kjøkkenbenken og koketoppen med våtserviett merka KJØKKEN.
- Vask oppvasken, tørk og set på riktig plass.
- Vask oppvaskkummen rein for drit.
- Støvsug teppet under stovebordet.
- Støvsug golvet på alle rom som har vore i bruk.
- Set støvsugaren tilbake i ladestasjon i teknisk skap.
- Vask toalettskåla, toalettsetet og vaskeservanten på badet med våtserviett merka BAD&TOALETT. Våtserviettar ligg i skapet på toalettrommet.
- Viss dusjen har vore i bruk, vask den med våtserviett merka BAD&TOALETT.
- Sjekk at alt er rydda tilbake på riktig plass.
- Sjekk at ventil ved spisebordet er open, og at solventilator er stilt inn på auto-modus.
- Opna lemmen til hemsen.
- Opna dørene til alle soverom.
- Lukk vindauga i alle rom, og dra opp gardinene.
- Tøm og ta med søppelposar.
- Set i ny søppelpose på kjøkkenet. Rull med posar finn du i nederste breie skuffe på kjøkkenet.
- Set i ny søppelpose på toalettet. Rull med posar finn du inni skapet på toalettet.
- Sjekk at døra til peisomnen er lukka igjen.
- Skru av vakuumtoalettet.
- Skru av alle lamper.
- Fjern maten som dokker tok med opp til hytta.
- Tøm drikkevannstanken, og set den opp-ned på kanten av utslagsvasken på kjøkkenet.
- Skru av kjøleskapet.
- Dobbeltsjekk at gassen er kopla frå.
- Skru av 230 V-inverter.
- Skru av solcelleanlegget ved å trykka berre éingong på den raude PÅ/AV-knappen.
- Lås døra når du går.
- Tøm eventuelle rester av brukt grillkol eller oske frå bålfat i grua/bålplassen bortanfor terrassen.
- Sjekk at grinda til terrassen faktisk er låst.
- Legg nøklane tilbake i nøkkelboksen.
🚒 Brann – 110
👮 Politi – 112
🚑 Ambulanse – 113
🩺 Legevakt – 116 117
Holtaheia 35
4121 Tau
Noreg
Namn: Holtaheia 35
Morten Hetland
📞 +47 45 43 69 05
📧 morten.hetland@icloud.com
Apotek 1 Strand
📞 +47 51741450
📍 Rådhusgaten 14, 4100 Jørpeland (22 km)
Vitusapotek Jørpeland
📞 +47 51294600
📍 Wallemsvegen 22, 4100 Jørpeland (22 km)
Tau legesenter AS
📞 +47 51 74 14 00
📍 Bergtunvegen 2, 4120 Tau (12 km)
Jørpeland legesenter
📞 +47 51 71 42 10
📍 Fjelltunvegen 84, 4100 Jørpeland (21 km)

